Heim


SognaTakst

482 41 029

KVIFOR TAKSERE?

DET ER MANGE SITUASJONAR I LØPET AV EIN BUSTADEIGARS LIV,

DER DET ER NØDVENDIG OG FORNUFTIG Å FÅ UTFØRT EIN TAKST


  • SAL - Ved sal av bustad bør ein syne til ein godkjent verditakst eller bustadsalsrapport i salsprospektet.
  • REFINANSIERING -  Ved refinansiering, for eksempel for å få bedre lånevilkår, er ein oppdatert takst eller verdivurdering ofte nødvendig.
  • SAMLIVSBROT - Ved samlivsbrot, der bustaden skal overtakast av ein av partane, er det svært fornuftig å få ein takst av bustaden for å få eit ryddig og rett oppgjer.
  • ARVEOPPGJER - Ved arveoppgjer, av samme grunn som ved samlivsbrot.



Bustadsalsrapport

etter NS3600


Bustadsalsrapporten er i prinsippet ein tilstandsrapport, men det blir spesielt lagt vekt på å vurdere dei byggetekniske tilhøva som er særleg relevante ved eigarskifte.


Medan ein tilstandsrapport kan vera aktuell i alle samanhengar, er bustadsalsrapporten eit verktøy som er spesielt utvikla for bruk ved eigarskifte. Takstingeniøren følgjer ei detaljert sjekkliste, og vurdera behovet for reparasjonar, fornyelse og vedlikehald når bustadens verdi bereknast. På den måten kan misforståelsar unngåast, og konfliktar førebyggast.


Det understrekast at rapporten ikkje erstattar selgars opplysningsplikt eller kjøpars undersøkingsplikt, men utgjer eit dokument som er meint å bidra til å auka

tryggleiken for alle impliserte partar.

(Trykk for meir info)

Verdi og lånetakst



Ordinær verdi- og låntetakst.

Rapporten utarbeidast på grunnlag av takstingeniørens befaring og oppmåling av bustaden.


Rapporten inneheld ein teknisk skildring av bustaden saman med areala som er berekna på grunnlag av oppmålinga. Rapporten vil innehalde ei enkel skildring av vedlikehaldet av bustaden, dog utan at det er gjort grundige undersøkingar av den tekniske tilstanden.


Det understrekast at rapporten ikkje erstattar selgars opplysningsplikt eller kjøpars undersøkingsplikt, men utgjer eit dokument som er meint å bidra til å auka

tryggleiken for alle impliserte partar.

(Trykk for meir info)


Tilstandsrapport for bustad


Tilstandsrapport er ein grundig og detaljert skildring av bustadens tekniske og vedlikehaldsmessige tilstand


Tilstandsrapporten legge spesielt vekt på å framstille dei byggetekniske tilhøva som er særleg relevante ved eigarskifte. Rapporten skildrar avvik frå bestemte referansenivåer, det vil sei bygge-forskriftene og/eller normale forventningar om tilstand etter slit og elde. Ein tilstandsrapport kan omfatte ein del av eller heile bygningen.


Det understrekast at rapporten ikkje erstattar selgars opplysningsplikt eller kjøpars undersøkingsplikt, men utgjer eit dokument som er meint å bidra til å auka

tryggleiken for alle impliserte partar.

(Trykk for meir info)

Førehandstakst


Førhandstakst utførast dersom du vurdera å kjøpe ein ny bustad som skal byggast. Her kan takstingeniøren utføre ein rapport som syner den mest sannsynlege verdien på eigedommen etter at huset er sett opp etter dagens marknad i området.

Planteikningar


Mangla du planteikningar av huset ditt? SognaTakst kan utarbeide planskisser eller komplette planteikningar i 2D og 3D med eller utan oppmåling av buareal i dei enkelte rom, med skildring av rommets aktuelle bruk på befaringsdagen.

Byggelånsoppfølging


Kredittinstitusjonar er ofte interessert i oppfølging av framdrift i byggeprosessar som dei har finansiert gjennom byggelån. Verktøyet for byggelånsoppfølging er ideelt for rapportering av framdrift og økonomi i større og mindre byggjeprosjekt.

www.SognaTakst.no | 482 41 029 | post@sognatakst.no