FAQ Takst

Kva kan eg forvente av takstingeniøren?


Takstingeniøren skal utføre ein objektiv vurdering av bustadens tilstand, og skal vera uavhengig og ikkje ha nokon koplingar til verken eigedomsmeklarar, bank, forsikringsselskaper eller andre. Takstingeniøren har høg integritet og har streng taushetsplikt. All informasjon som framkjem i løp av oppdraget er taushetsbelagt, også informasjonen i rapporten, som er rekvirentens eigedom.


Taksten vert kun formidla til rekvirent og eventuelt meklar. Det er ein stor fordel om takstmannen er godt kjent i nærområdet. Han skal vete kvar nærmaste barnehage, skule, matbutikk, kafe, tursti, badeplass osv er, og han skal helst kjenne til dei små perlene i nærområdet som gjer akkurat dette området so spesielt. Velg ein takstmann du føler deg trygg på, som har rykte på seg for å være nøyaktig, grundig, dyktig og som kjenner ditt nabolag godt.

Kvifor oppstår det ofte konfliktar i høve kjøp og sal av bustad?


Diverre er det slik at det i mange tilfelle dukkar opp det ein meina er feil og mangla ved bustaden ein akkurat har kjøpt og flytta inn i. Veldig ofte er det snakk om feil og mangla som er vanskeleg eller «umogleg» å oppdage av ufaglærte, eller ved ein vanleg verditakst. Dette kan være skjult mugg/ sopp i veggen på badet, feil konstruksjon av taket, manglande lufting eller liknande.


Selgar har opplysningsplikt om alle tilhøve som han er klar over i høve eigedommen, både dei som tel negativt og positivt inn på verdien. Kjøpar har også ein gjensidig undersøkingsplikt, og er difor pliktig å undersøke bustaden for feil og mangla. Dersom det i ettertid syner seg at det framkjem avvik på eigedommen som ikkje er skildra, er det viktig at dette avviket ikkje var mogleg å oppdage på befaringsdagen for å kunne ha eit krav mot selgar.

Er det naudsynt med tilstandsrapport?


Nei, per dags dato er det ikkje obligatorisk med tilstandsrapport, men frå1. januar 2022endrast reglane i avhendings-lova om kjøp og sal av brukt bustad. Seljar kan ikkje ta generelle atterhald om tilstanden ved sal til forbrukarkjøparar. Bustader og fritidsbustader kan ikkje seljast «som den er» til forbrukarar.

Det stillast då strengare krav til informasjonen frå seljar. Seljar må framleis opplyse om alle kjente tilhøve ved bustaden, og opplysningane skal vera korrekte. I tillegg bør seljar innhente ein ny type tilstandsrapport som vil gi kjøpar meir og betre opplysningar om bustaden.


Frå 1. januar 2022 gjeld også ei heilt ny forskrift til avhendingslova om tilstandsrapportar. Denne set strengare krav til både innhaldet i og utførelse av tilstandsrapportar.


Endringane i avhendingslova og den nye forskrifta skal saman stimulere til at meir og betre informasjon føreligg om bustadane før sal. Jo meir som er avklart om tilstanden i forkant, desto mindre rom blir det for skuffelsar og konfliktar seinare.


Det er i både seljars og kjøpars interesse at bustadhandelen er so trygg som mogleg. Kjøpar må få vete kva han kjøper, og seljar må kunne leggje salet bak seg utan stor risiko for krav i etterkant.

Er det dyrt å få utført ein takst?


Dyrt i høve til kva? Å kjøpa eller selja bustad er for dei aller fleste ein situasjon der me brukar mest penger i løpet av livet. Å få utført ein takst er ein del av «pakken» i denne prosessen, og er normalt ikkje veldig kostbart då ein får avdekt rett verdi på bustaden, som er nødvendig for å få so rett pris som mogleg i marknaden.


Men, ein må hugse på at det alltid er marknaden som bestemmer kva som er rett pris når bustaden selgast.

Reklamasjonsnemnda for takstmenn


Hva kan behandlast i nemnda?


Reklamasjonsnemnda for takstmenn behandlar klager som gjeld takstingeniørens og opptreden i samband med takseringsoppdrag knytt til bustader og fritidshus. Med takseringsoppdrag meinast oppdrag mottatt i eigenskap av å være takstingeniør.


Nemnda behandlar kun saker der takstingeniøren er medlem av Norsk takst (tidligere Norges Takseringsforbund) og oppdraget er å ansjå som eitt takseringsoppdrag.


Nemnda tek stilling til om takstingeniøren har utført oppdraget i samsvar med god takstmannsskikk, men tek ikkje stilling til om forbrukar har krav på erstatning. Nemnda behandlar ikkje spørsmål om dekning av partane sine utgifter til advokatbistand.


Gå til Reklamasjonsnemnda for taksmenn

Copyright © Med enerett

Skeistrand Takst & Teikne Tester

Følg oss