FAQ


SognaTakst

482 41 029

Kvifor oppstår det ofte konfliktar i høve kjøp og sal av bustad?

Diverre er det slik at det i mange tilfelle dukkar opp det ein meina er feil og mangla ved bustaden ein akkurat har kjøpt og flytta inn i. Veldig ofte er det snakk om feil og mangla som er vanskeleg eller «umogleg» å oppdage av ufaglærte, eller ved ein vanleg verditakst. Dette kan være skjult mugg/ sopp i veggen på badet, feil konstruksjon av taket, manglande lufting eller liknande.


Selgar har opplysningsplikt om alle tilhøve som han er klar over i høve eigedommen, både dei som tel negativt og positivt inn på verdien. Kjøpar har også ein gjensidig undersøkingsplikt, og er difor pliktig å undersøke bustaden for feil og mangla. Dersom det i ettertid syner seg at det framkjem avvik på eigedommen som ikkje er skildra, er det viktig at dette avviket ikkje var mogleg å oppdage på befaringsdagen for å kunne ha eit krav mot selgar.


Kva kan eg forvente av takstingeniøren?

Takstingeniøren skal utføre ein objektiv vurdering av bustadens tilstand, og skal vera uavhengig og ikkje ha nokon koplingar til verken eigedomsmeklarar, bank, forsikringsselskaper eller andre. Takstingeniøren har høg integritet og har streng taushetsplikt. All informasjon som framkjem i løp av oppdraget er taushetsbelagt, også informasjonen i rapporten, som er rekvirentens eigedom.


Taksten vert kun formidla til rekvirent og eventuelt meklar. Det er ein stor fordel om takstmannen er godt kjent i nærområdet. Han skal vete kvar nærmaste barnehage, skule, matbutikk, kafe, tursti, badeplass osv er, og han skal helst kjenne til dei små perlene i nærområdet som gjer akkurat dette området so spesielt. Velg ein takstmann du føler deg trygg på, som har rykte på seg for å være nøyaktig, grundig, dyktig og som kjenner ditt nabolag godt.



Er det nødvendig med bustadsalsrapport?

Nei, per dags dato er det ikkje obligatorisk med bustadsalsrapport. Men dei to store takstorganisasjonene i Norge, NITO Takst og Norges Takseringsforbund, samt Forbrukarrådet og Eiendom Norge, anbefala bruk av denne type rapport ved omsetning av eigedom på den frie marknaden. Rapporten går mykje grundigare til verks enn ein vanleg verditakst, og vil i så måte avdekke eventuelle tilhøve som seinare kan vera kjelde til konflikt. Rapporten skal vera en tryggleik for kjøpar og selgar.


Ved bustadsalsrapport vert bustaden undersøkt grundig, vegger, golv og tak blir sjekka for fukt/sopp, retningsavvik, fall mot sluk og kontroll av teikningar opp mot det som faktisk er byggt. Tal frå Protector Forsikring (pressemelding 30.01.2015) syner også at salsprisen er 3-5% høgare ved bruk av bustadsalsrapport (analyse av 83.016 solgte einebustader på landsbasis).


Er det dyrt å få utført ein takst?

Dyrt i høve til kva? Å kjøpa eller selja bustad er for dei aller fleste ein situasjon der me brukar mest penger i løpet av livet. Å få utført ein takst er ein del av «pakken» i denne prosessen, og er normalt ikkje veldig kostbart då ein får avdekt rett verdi på bustaden, som er nødvendig for å få so rett pris som mogleg i marknaden.


Men, ein må hugse på at det alltid er marknaden som bestemmer kva som er rett pris når bustaden selgast. SognaTakst tilbyr ferdige takstpakkar av svært høg kvalitet med blant anna planteikningar, oppmåling av dei enkelte rom, detaljert skildring av objektet og området rundt.



www.SognaTakst.no | 482 41 029 | post@sognatakst.no