Verditakst


SognaTakst

482 41 029

Verditakst



Verditaksering er ein vurdering av eigedommens marknadsverdi på takseringstidspunktet. Verdien er eit uttrykk for kva ein kan forventa å få solgt eigedommen for i dagens marknad.




Verditaksering av bustad og hytter - verdi og lånetakstar


Verditakst er vanligvis nødvendig når du skal låne penger med sikkerheit i eigedommen, ved refinansiering, skifte eller arv, og ved heimelsoverføring (sal/kjøp e.l.). Takstens konklusjon er normal marknadsverdi, altså den verdi ein antek eigedommen kan seljast for ved fritt sal i ein normal marknad, og ved normal annonsering.


Rapporten utarbeidast på grunnlag av takstingeniørens befaring og oppmåling av bustaden. Rapporten inneheld ein teknisk skildring av bustaden saman med areala som er berekna på grunnlag av oppmålinga. Rapporten vil innehalde ei enkel skildring av vedlikehaldet av bustaden, dog utan at det er gjort grundige undersøkingar av den tekniske tilstanden. Ved vurdering av marknadsverdien på eigedommen takast omsyn til beliggenheit, standard, størrelse, vedlikehald, evt. heftelsar, bruksrettigheiter, utidsmessigheter, m.v.


Det er verdt å merke seg at eigedom og bygningar ikkje kontrollerast for eventuelle skjulte feil eller manglar. For ei meir detaljert skildring av bygningen sin tekniske tilstand, tilrår eg tilstandsrapport.


www.SognaTakst.no | 482 41 029 | post@sognatakst.no